GOD JUL! Jul på lesesalen 24.12: Jørn Øyrehagen Sunde - professor i rettshistorie ved Universitet i Bergen. Jørns karriere som lesesalsgjest starta då han var 24 år, seinare har det blitt mange arkivbesøk og ikkje minst mange bøker og publikasjonar basert på historiske kjelder frå Arkivverket. - I mitt daglege virke brukar eg tingbøkene for heile Hordaland og arkivet etter Rosendal baroni. Arkivet etter Rosendal baroni omfattar 20 hyllemeter der ingen av protokollane eller dokumenta finst i avskrift. Dette arkivet krev difor mykje meir innsats frå meg enn tingbøkene der store deler finst i avskrift i Digitalarkivet. Eg kan mykje om arkiv på 1700-tallet, men opplever likevel at eg treng stadig hjelp frå engasjerte og interesserte tilsette med lang fartstid. Arkivkunnskap er heilt avhengig av erfaring. Eit eksempel på dette er sinnssjuke eller sjølvmordarar på 1700-talet. Det finst ikkje eit eige arkiv som fortel om slike tema på denne tida. Heilt opplagte sjølvmord finn ein i tingbøkene, men tilsette ved Statsarkivet i Bergen har gjort meg merksam på at det i ei kallsbok for Kvinnherad var innført merkverdige dødsfall og at det i arkivet etter stiftamtmannen i Bergen finst ei mappe om likfunn og sjølvmordarar. Informasjonen om sjølvmordarar i både kallsboka og mappa frå stiftamtmannen går langt ut over det som står i tingbøkene. Det er heilt umulig for oss brukarar å kjenne til slik informasjon som er på «feil» stad. At brukarar skal få kjennskap til slikt, krev at nokon må ha funnet dette, hatt vett til å huska det, og dessutan formidla denne kunnskapen til oss andre. Dette krev: 1. interesse, 2. tid og 3. at det fins ein arena der arkivbrukarar og arkivtilsette kan møtast og snakkast – slik som det er på lesesalane i Arkivverket. Slik kontakt mellom Arkivverket og forskingsmiljøa er av stor betyding. // I årets julekalender får du møte 24 lesesalsgjester som studerer arkivmateriale fra Riksarkivet, statsarkivene og Samisk arkiv. Se hele kalenderen på Riksarkivets Facebookside. Lenke i bio// #julpålesesalen #julekalender #adventskalender #rix_mas
94 likes
  • riksarkivet_norgeGOD JUL! Jul på lesesalen 24.12: Jørn Øyrehagen Sunde - professor i rettshistorie ved Universitet i Bergen. Jørns karriere som lesesalsgjest starta då han var 24 år, seinare har det blitt mange arkivbesøk og ikkje minst mange bøker og publikasjonar basert på historiske kjelder frå Arkivverket. - I mitt daglege virke brukar eg tingbøkene for heile Hordaland og arkivet etter Rosendal baroni. Arkivet etter Rosendal baroni omfattar 20 hyllemeter der ingen av protokollane eller dokumenta finst i avskrift. Dette arkivet krev difor mykje meir innsats frå meg enn tingbøkene der store deler finst i avskrift i Digitalarkivet. Eg kan mykje om arkiv på 1700-tallet, men opplever likevel at eg treng stadig hjelp frå engasjerte og interesserte tilsette med lang fartstid. Arkivkunnskap er heilt avhengig av erfaring. Eit eksempel på dette er sinnssjuke eller sjølvmordarar på 1700-talet. Det finst ikkje eit eige arkiv som fortel om slike tema på denne tida. Heilt opplagte sjølvmord finn ein i tingbøkene, men tilsette ved Statsarkivet i Bergen har gjort meg merksam på at det i ei kallsbok for Kvinnherad var innført merkverdige dødsfall og at det i arkivet etter stiftamtmannen i Bergen finst ei mappe om likfunn og sjølvmordarar. Informasjonen om sjølvmordarar i både kallsboka og mappa frå stiftamtmannen går langt ut over det som står i tingbøkene. Det er heilt umulig for oss brukarar å kjenne til slik informasjon som er på «feil» stad. At brukarar skal få kjennskap til slikt, krev at nokon må ha funnet dette, hatt vett til å huska det, og dessutan formidla denne kunnskapen til oss andre. Dette krev: 1. interesse, 2. tid og 3. at det fins ein arena der arkivbrukarar og arkivtilsette kan møtast og snakkast – slik som det er på lesesalane i Arkivverket. Slik kontakt mellom Arkivverket og forskingsmiljøa er av stor betyding. // I årets julekalender får du møte 24 lesesalsgjester som studerer arkivmateriale fra Riksarkivet, statsarkivene og Samisk arkiv. Se hele kalenderen på Riksarkivets Facebookside. Lenke i bio// #julpålesesalen #julekalender #adventskalender #rix_mas

Log in to like or comment.